Marte Helgetun har laga ei nydelig lueoppskrift som eg lenge har hatt lyst å prøve meg på, og den blei derfor laga i julepresang. Men det trang ein del prøving og feiling av denne oppskrifta før eg fekk ho riktig, størrelsesmessig. Eg strikka ikkje med originalgarnet, og dette blei tydeligvis litt problematisk for meg! Men eg klarte å ende opp med ei lue til slutt som passa mottakaren!
Lua som til slutt blei passelig størrelse |
Liker denne flettekanten veldig godt! |
Mønster: Lue med øreklaffer av Marte Helgetun Garn: Dobbel tråd Alpakka frå Drops Pinne: Nr. 4 Størrelse: 6 mnd. Garnforbruk: ca 1 nøste trur eg |
Forsøk ne. 1 og forsøk nr. 2 |
Stor forskjell sjølv om begge egentlig er ca 6 mnd.! |
Den fyste lua strikka eg litt mindre enn størrelse 1 år i barneoppskriftene, rett og slett for at eg ikkje hadde mønster på babyluene. Denne blei ALT for stor til den lille jenta den var påtenkt! Men eg klarte heldigvis å få skaffa meg babystørrelsane på luene også, og då blei det mykje betre! Eg strikka då i størrels 6 mnd. Begge luene er strikka i dobbel alpakka frå Drops, men den fyste på pinne 5 og den andre på pinne 4.
Eg prøvde meg på denne lua nok ein gong til ei på 1,5 år, og strikka størrelse 2 år i Nepal. Denne blei passelig til meg, og kunne derfor sjølvsagt ikke gid bort til ei på 1,5 år! Ho fekk heller ein vest. Trur eg må gå ned på pinnestørrelse når eg strikkar desse, oppskrifta vil ikkje samarbeida! Men til tross for gjentatte bom, blir det nok ikkje siste lue eg strikkar av denne oppskrifta, for den er jo så fin og morsom å strikke! Får prøve å knekke strikkefasthetskoden!