Kjærastevott, bryllupsvott, kjært barn har mange namn. Dette er andre gong eg strikkar denne type vott,
den fyrste blei litt vel arbeidskrevande (alle trådane er fortsatt ikkje festa...), så denne gongen gjorde eg det litt enklare for meg sjølv. Kun to fargar og ikkje tre. Det gjorde jobben utruleg mykje betre.
Vottane er strikka i anledning bryllup og eg har derfor prøvd å gjere dei litt meir personlige. Jentevotten har fått forbokstaven til sin mann, mens guttevotten har fått forbokstaven til sin kone. Fellesvotten har fått bryllupsdatoen på den eine sida. Som dykk sikkert ser så var bryllupet for ei stund sidan, så eg er litt seint ute, men men. Vi skulle ha vore i bryllup i USA i sommar, men dette passa ikkje med jobb, men gåve må dei få! Desse blir shippa over til USA i løpet av veka håpar eg, det byrjar vel å bli litt kaldt der også nå.
|
Guttevott - K - |
|
Guttevotten er strikka i grått med kvitt mønster |
|
Jentevott - R - |
|
Jentevotten er strikka i kvitt med grått mønster |
|
Fellesvott, sjølvaste kjærastevotten |
|
Fellesvotten er grå med kvitt mønster på den eine sida og motsatt på den andre sida. |
|
Mønster: Kjærestevotter fra Raumagarn LVS-3 Garn: Trysilgarn superwash Pinne: nr. 2,5 og 3 |
Eg blei kjempeførnøyd med resultatet, håpar dei nygifte også blir det :)