Når strikkeprosjektet er 95% ferdig og det ender opp slik som dette her:
|
Endte i det minste opp med eit fint nøste |
Ja, då er ikkje eg god å ha med å gjere. Det er veldig skjelden at eg strikkar så feil at faktisk må rekke opp så mykje på strikkeprosjekta mine. Som regel juksar eg det til, ettersom eg har angst for å rekke opp. Derfor blir det stor ståhei når eg faktisk må det. Fyrst var det samboaren min som fekk høyre det og så var det å ringe, litt på gråten, til mamma som sa det eg frykta mest: "det beste er nok å berre rekke opp og starte på nytt att, slik at du blir fornøgd med resultatet". So close! Men neida, her måtte det rekkast opp! Slik går det når ein ikkje klarer å telle skikkelig når ein legg opp maskene. Det blei tellekontroll ganske mange gonger når eg la opp for andre gong...
MEN, eg blei ferdig til slutt og her er resultatet:
|
Ballongbukse! |
|
Enkle fletter |
Eg har endra litt på mønsteret som dykk sikkert ser. Eg har strikka fletter istaden for å gjere slik som mønsteret ville ha det. Årsaken til at eg gjorde det slik er rett og slett at eg syns det blei finare, fletter gjer meir utav seg. Eg las også på bloggen til
Meretemonstermønster at å strikke 3 masker vrang saman, slik som oppskrifta originalt er, ikkje var heilt optimalt.
Resultatet blei supert syns eg! Enkelt er det også å bytte om til fletter i oppskrifta, du strikkar berre 4 rette masker mellom vrangmaskene istaden for 5. Eg fletta like ofte som det skulle strikkast 3 vrangmasker saman i oppskrifta, slik at det var enkelt å følge med i oppskrifta. Underveis lærte eg meg også å strikke fletter uten flettepinne, kjempepraktisk! Innlegg med forklaring kjem i nærmaste framtid! :)
Buksa har blitt strikka i Mini Duett frå Sandnesgarn, eit herlig blandingsgarn av ull og bomull. Ypperlig som heilårsgarn. Fargen kjem litt dårlig fram på dei øverste bileta, den er egentlig meir grønn :)
|
Mønster: Ballonbukse Garn: Mini Duett Pinne: nr. 3 Størrelse: 6-12 mnd Garnforbruk: litt over 2 nøster |
Mønsteret er frå boka "All you knit is love", denne er å få kjøpt
her. Det er mykje fint å dette hefte, og eg gler meg til å prøve fleire oppskrifter! :)