Ofte må eg sjå nokon andre ha strikka noko, før eg innser kor fint strikkeplagget er. Det var tilfellet med Trultemor-buksedress frå Klompelompe. Den er frå den fyrste boka som eg har hatt ståande lenge på hylla, men eg har aldri komt på at eg skulle strikka den. Heilt til eg såg eit bilete på instgram av buksa i ein av Klompelompe fine herlige rosafargar. Eg fann pladask og gjekk til innkjøp av garn dagen etter.
Se så liten og søt! |
Mønster: Trultemor buksedress Bok: Klompelompe (bok nr. 1) Garn: Merinoull frå Sandnesgarn Farge: Klompelompe 4032 Pinne: nr. 4 Størrelse: 3 mnd Garnforbruk: 113g |
Buksa passar perfekt saman med tilbehøret som eg blogga om i forrige innlegg. Både lua og halstørkle er strikka i klompelompefargar, og Klompelompe kan verkelig dette med duse og yndige fargar. Eg berre elskar dei!
Både oppskrifter og garn frå Klompelompe |
Lua frå Tiddelibom passa også bra syns eg |
Lue, votter, halstørkle og sko! |