Kan ein få for månge kvite jakker? Eg syns det er utrolig fint og yndig med kvit til dei aller minste. Noko som er godt synlig i ferdigstrikk-kurven min. Derfor er det kanskje ikkje så overraskande at det også måtte bli ei kvit lita rillejakke frå "Babystrik på pinde 3", med flette. Yndig blei den. Eg har lært etter den forrige rillejakka eg har strikka, difor blei det størrelse 0-3 mnd denne gongen, mykje meir overkommelig enn str. 1 år!
Mønster: Rillejakke med snoning Hefte: Babystrik på pinde 3 Garn: Babymerino frå Drops Pinne: nr. 2,5 og 3 Størrelse: 0-3 mnd Garnforbruk: 100g |
Jakka blei strikka bittelitt kortare enn oppskrifta, slik at det akkurat gjekk to nøster.
I høstlige omgivelser |
Rillejakke |
Må si meg litt enig med deg, hvitt er alltid pent på de minste.
SvarSlett