Bladløvsettet....
Oppskrifta er frå Knits and Pices og består både av jakke, lue og bleiebukse. Bladmønsteret er heilt nydelig, og det er nokså enkelt å strikke. Effekten saman med rillene er utrulig fin. Ettersom det blir strikka på litt tjukke pinnar (3,5 og 4) og med litt tjukt garn går det unna!
|
Bladmønsteret |
I oppskrifta skal ein strikke armane fram og tilbake, men eg likar som sagt ikkje for mykje montering, så eg strikka armane rundt og rundt i staden for. Eg syns også at dette blir finare ettersom ein slepp sømmen under armen på denne måten.
|
Bladrillejakka |
Bladrillebuksa skulle også ha blitt strikka fram og tilbake, men også denne strikka eg rundt og rundt. Sjølv om det blir ein del vrange masker syns eg det er verdt det, både fordi det blir finare og mindre arbeid i ettertid.
Sist ut er luen:
|
Mønster: Bladrillelue Nettside: ravelry.com Garn: Merino Extra Fine Pinne: nr. 3,5 og 4 Størrelse: 6 mnd Garnforbruk: 35g |
|
Heile settet! |