Viser innlegg med etiketten Babyromper. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Babyromper. Vis alle innlegg

søndag 15. januar 2017

Nyfødtromper med knapper

Eit lite lyserosa nøste skulle bli trylla inn til noko, men kva? Valet endte opp på ein bitteliten romper frå Tiddelibom, og då meiner eg virkelig bitteliten. Det blir spennande å sjå om det i heile tatt er plass til ein liten nyfødt baby oppi!

Nyfødtromper og strømpebukse frå Condor (ministrikk.no)

Mønster: Nyfødtromper med knapper
Nettside: tiddelibom.no
Garn: Drops Baby Merino
Pinne: nr. 2,5, 3 og 4.
Størrelse: 0-1 mnd
Garnforbruk: 30g


onsdag 4. januar 2017

Somarsett frå Gustav&Berta

Lyseblått er utrulig søtt til jenter, og spesielt til somartider syns eg. Derfor fann eg ut at eg skulle bruke nok av Duett-garnet eg kjøpte for lenge sidar på Sandnesgarn Fabrikkutsalg til eit somarsett. Settet eg har strikka er frå boka frå Gustav & Berta, Strikk til smårollinger. 
Jakke og romper-sett

Mønster: Romperjakka
Bok: Strikk til smårollinger
Garn: Duett
Pinne: nr. 3 og 3,5
Størrelse: 2-6 mnd
Garnforbruk: 147g

Mønster: Romper
Bok: Strikk til smårollinger
Garn: Duett
Pinne: nr. 2,3, 3 og 3,5
Størrelse: 2-4 mnd
Garnforbruk: 117g

Detaljer

Baksida
 Settet blei imidlertid noko større enn planlagt, for eg trur kanskje at Duett har litt tjukkare strikkefasthet enn garnet i oppskrifta. Men pytt pytt, då får det blir eit somar/høstsett! Brukt blir det uansett. 

Settet samla

Settet samla, kombinert med ste skinnsko frå Ministrikk.no

søndag 18. desember 2016

"Clara" romper

I mangel på annet navn (sandnesgarn kallar den berre "Romper"), kallar eg berre denne romperen for Clara-romperen. Uansett navn, mønsteret er så fint! Eg har strikka denne både i kjoleform, topp og romper før, og nå var det nok ein romper som blei laga. Samtlige av dei tidlegare plagga har blitt gitt vekk, men denne skal eg for ein gongs skyld beholde sjølv.

Romperen har eg strikka i lys blå og trur denne vil bli eit fint somarplagg!

Mønster: "Romper" mønster nr. 7
Hefte: Søte små i babyull 1515 (sandnesgarn)
Garn: Baby Merino
Pinne: nr. 2,5 og 3
Størrelse: 6 mnd
Garnforbruk: 95g

Detaljer

Baksida

Legg til bildetekst

søndag 11. desember 2016

Kalinkaromper, kalinkaromper, kalinkaromper!

Er det eit plagg eg har strikka møkje, så er det kalinkaromperen. Eg trur faktisk ikkje at det er ei oppskrift som eg har strikka SÅ mange gonger enn denne. Men med god grunn, den er jo sukkersøt!

Denne gongen blei den strikka i anledning babyshower, og i den anledning fann eg fram alle kalinkaromapane eg hadde liggande og tok eit gruppebilete!

Mønster: Kalinkaromperen
Nettside: Ministrikk.no
Garn: Merino Extra Fine
Pinne: nr. 3,5 og 4
Størrelse:3-6 mnd
Garnforbruk: ca 85g

Frå venstre; Kit strikka i Lille Lerke, grå og rosa strikka i Merino Extra fine,
og den sjøgrønne i Lark frå Quince&Co

Dei 5 frå venstre er Kalinkaromperen, den blå Fletteromper og den lilla hullmønstret romper

Kalinkaromper med egen vri i midten

Romper, romper, romper! 

Går aldri lei! 

lørdag 10. desember 2016

Little Edith's Romper

Har du vore å sett på nettsida Little Edith's Knit? Dama bak nettsida lagar dei søtaste romparane, og favoritten er uten tvil Little Edith's Romper. Eg har strikka denne ein gong før også (sjå innlegget her).

Fargevalet havna denne gong på den fine lys grå-blå-grønne fargen frå Drops, ein farge eg syns er utrolig fin. Det gjekk akkurat å strikke den på kun eit nøste!

Mønster: Little Edith's Romper
Nettside: littleedithsknit.com
Garn: Babymerino frå Drops
Pinne: nr. 3 og 3,5
Størrelse: 0-3 mnd
Garnforbuk: 48g

God match saman med rillejakka frå forrige innlegg. 

Rillejakke og Edith's Romper møter høst

Kva med søte små tøfler til? 
Og ei kvit strømpebukse frå ministrikk.no kanskje? 

mandag 5. desember 2016

Hullmønstret romper

Romper har blitt mitt signaturplagg  når det kjem til barselgåver. I 9 av 10 tilfeler vil eg gi bort ein romper. Årsaken er enkel; de går fort å strikke og er utrolig søte på. Så derfor var det nok ingen stor overrasking av det blei ein romper nok ein gong. Denne gongen fall valget på Tiddelibom sin hullmønstret romper. I same slengen fekk eg også slanka garnlageret mitt med nokre få nøster.


Mønster: Hullmønstret romper
Nettside: tiddelibom.no
Garn: Merino Extra Fine
Pinne: nr. 3 og 3,5
Størrelse: 6 mnd
Garnforbruk: 86g
I gåveeska mi fann eg også ei turbanlue som var strikka i same farge som eg gav saman med romperen:

Turbanlue og romper

søndag 4. desember 2016

Favoritter

Samling av nokon av mine favoritter!

Hentesette frå ministrikk.no har lenge vore ein favoritt hos meg. Mønsteret er så enkelt, men likevel så vakkert! For ei stund sida strikka eg også strømpebuksa frå knittingforolive.dk. Det viste seg at desse to plagga var som skap for kvarandre. Dei passar så utrulig godt i lag. Derfor endte eg med å strikke to sett, både eit i kvitt og eit i grått. I ulik størrelse så klart.  

Den fyrste jakka frå hentesettet strikka eg i 2014! Den har i ettertid fått ein del meir tilbehør, blant anna strømpebuksa. Les om jakka her.


Utrulig fin med strømpebukse til!
 Og så det gråe settet ut:

Her har det også lurt seg inn ei kulekyse

Settet blei ferdig ein fin somarsdag

Og så begge sette saman: 

Kvitt og grått saman, i str. mini og litt større



Info om dei ulike plagga:

Mønster: Jakka i "Hentesettet"
Nettside: ministrikk.no
Garn: Baby merino
Pinne: nr. 3,5
Størrelse: 3-6 mnd
Garnforbruk: 96 g
Mønster: Jakka i "Hentesettet"
Nettside: ministrikk.no
Garn: Baby merino
Pinne: nr. 3,5
Størrelse: 0-3 mnd
Garnforbruk: 90 g

Mønster: Olives strømpebukse
Nettside: knittingforolive.dk
Garn: Baby Mernio
Pinne: nr. 3
Størrelse: 3-6 mnd
Garnforbruk: 86g


Mønster: Olives strømpebukse
Nettside: knittingforolive.dk
Garn: Baby Mernio
Pinne: nr. 3
Størrelse: 0-3 mnd
Garnforbruk: 75g
 Kulekysa var så fin til, at eg trur eg må strikke ei til det kvite settet også!

Mønster: Kulekyse
Nettside: Ministrikk.no
Garn: Baby merino
Pinne: nr. 2,5 og 3
Størrelse: 3-6 mnd
Garnforbruk: 33g

søndag 27. november 2016

Sommer-romper

Visste du at Dalegarn har lagt ut utrulig mange hefter gratis på si nettside? Både gamle og litt nyare hefter. I eit av heftene fann eg ein utrulig fin romper, som bar eit somarleg preg. Eg val derfor å strikke den i Lerke, som eg syns er eit fint somargarn. Og i den lekre fargen "kit" som eg syns er utrolig nydelig! Kjøpt på salg att på til!

Somarromper i Lerke
Nydelig flettemønster
Baksida

Mønster: Body (25702)
Hefte: Dalegarn nr. 257
Garn: Lerke
Pinne: nr. 3,5
Størrelse: 3-6 mnd
Garnforbruk:ca 86g

onsdag 23. november 2016

Kalinkaromperen, IGJEN!

Kalinkaromperen blir eg aldri lei! Lettstrikka, rask og søt! Den er også ei veldig kjekk barselgåve, nettopp fordi den er rask og enkelt å strikke, og den blir supersøt på ein ny verdensborgar. Denne gongen strikka eg den i mørk koksgrå, kanskje litt uortodoks til dei små, men saman med ein søt kvit kragebody blir det veldig bra trur eg.

Mønster: Kalinkaromperen
Nettside: Ministrikk.no
Garn: Merino Extra Fine frå Drops
Pinner: nr. 3,5 og 4
Størrelse: 6-12 mnd
Garnforbruk: 100g
Kvit strømpebukse og sko frå Holalola.no
Eller kva med litt curry? 
Flettedetaljer!
Curry og brunt!

onsdag 16. november 2016

Buksedress

Raumagarn kom for ei stund siden med eit nytt heftet "Babydesign 27". Det var fleire oppskrifter som var veldig fine, og eg prøvde meg på buksedressen. Eg må innrømme at eg angra litt når eg innsåg at det skulle strikkast på pinne nr. 2 og 2,5! Men ingen vei tilbake, det var berre å komme i gong og få fullført. Den blei i det minste søt! 

Mønster: Buksedress
Hefte: Babydesign 27 fra Rauma Garn
Garn: Babyull frå Gjesdal
Pinne: 
nr. 2 og 2,5
Størrelse: 6 mnd
Garnforbruk: ca 130g
Baksiden