Intagramprofilen "Kalinkakids" oppdaga eg for ei god stund sidan, og har beundra dei vakre designa ho trylla fram. Ein av dei eg fall mest for var kalinka-komperen, og derfor blei eg veldig glad når eg las om samarbeidet Charlott Pettersen bak Ministrikk.no hadde fått til med ho som står bak Kalinkakids, kor akkurat mønster på kalinkaromperen ville komme til salgs. Sidan oppskrifta blei tilgjengelig fyrst ein gong godt uti jorden-rundt-turen vår, hadde eg jo sjølvsagt ikke tatt med garn til denne. Men heldigvis var med i New Zealand rundt desse tider, og eg fekk kjøpt inn litt passande garn. Eg endte opp med å kjøpe 3 nøster i farge natur i merket Heritage frå butikken Skeinz. Dei passa ikkje heilt mtp strikkefastheten, men godt nok.
Det viste seg at det ikkje gjekk så veldig mykje garn til romperen, brukte kun rundt 1 nøste. Derfor bestemte eg meg for å ta ein råsjanse og sjå om eg kunne få dei to siste nøsta til å holde til ei jakke. Og det gjorde dei faktisk! Og det med eit halvt nøste til overs! Eg prøvde då å strikka ei hua av siste rest, men då sa det stopp og det blei kun med den halve hua... Men ikkje verst likevel! At garnet holdt så longt var nok ein kombinasjon av at eg strikka på mindre pinnar enn kva oppskrifta sa (eg hadde ikkje større pinnar enn 3,5) og garnet var nok litt tynnare, og derfor er det fleire lengdemeter.
Jakka forøvrig er det ikkje kome oppskrift på, men eg syns den var så fin at eg røvde meg uten mønster. Eg tok berre utgangspunkt i ei anna oppskrift og tilpassa mønsteret slik at eg fekk flettene langs armane. I tillegg brukte eg ein ny teknikk kor eg ikkje strikka stolpar, men brukte ein i-cord kant langs knappehullene. Eg har ikkje fått sett jakka med knappar endå, men syns resultatet foreløpig ser bra ut!
Mønster: Kalinka romperen Nettside: Ministrikk.no Garn: Heritage Pinne: nr. 3,5 Størrelse: 3-6 mnd (faktisk størrelse ca 0-3 mnd) Garnforbruk: ca 1 nøste |
Knappar får vente til eg kjem heim, men ser for meg treknappar |
Fint flettemønster |
Jakke og romper samla |
Jakke, romper og ei halv lue |
Mønster: egenkomponert jakke med kalinka-fletter Garn: Heritage Pinne: nr. 3,5 Størrelse: ca 3 mnd Garnforbruk: ca 1,5 nøste |
Baksida til jakka |
Kalinkaromperen |
En liten strikkestabel |
"Kalinka fletter" opp langs armene |
Hele settet samlet |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)