Når det går ein instagram-trend, skal ein ikkje så vekk ifrå at eg slenger meg med. Problemet er berre at eg som regel er så treig med å ta bilete at eg får ikkje plagga på bloggen/instagram før trenden har gitt seg litt. Men pytt pytt, betre seint enn aldri! Så her kjem bobblelua mi!
Dette er ei gratisoppskrift som du kan finne
her. Eg måtte ty til youtube for å forstå korleis bobblene eigentlig blei strikka, for eg var så usikker på om eg forstod oppskrifta riktig. Etter å ha funne ein video viste det seg at eg hadde trudd rett, men berre verka så merkelig at eg følte at noko var feil! Men bobler blei det til slutt!
|
Lua er strikka i mintfarge |
Oppskrifta legg opp til at du strikker to stykker som du til slutt syr saman i sidene. Eg gjorde det på denne måten, men om eg skal strikke denne om att vil eg nok strikke den rundt og rundt. Mykje meir praktisk å sleppe å sy saman i sidene.
|
Frå siden |
|
Mønster: Bobble Texture Hat Garn: Alpakka frå Drops Pinne: nr. 2,5 Garnforbruk: ca 38g Størrelse: One size, vil tippe rundt 1 år |
Så tøff bobletekstur på luen! Den ble veldig fin:)
SvarSlettKanonstilig, jeg vil lage en slik...kan du legge ut link til den instruksjonsvideoen?
SvarSlettLua så veldig fin ut i fasongen. Men jeg skjønner ikke hvorfor den ikke kan strikkes rundt. Takk for at du linker til oppskriften!
SvarSlettFin lørdag til deg!
Det er SÅ rart med mønster som skal strikkes flatt og sys sammen når de like gjerne kan strikkes rundt. Men lua ble veldig fin da, og det er vel det viktigste :)
SvarSlett