torsdag 31. mars 2011

Mariusgenseren er ferdig strikka! :)

Endelig har eg fått strikka ferdig mariusgenseren etter ein liten pause! Nå gjenstår berre montering...

Endelig er to armar på plass

Mariusgenser klar til montering

Heldigvis er mamma kjempesnill og skal montere denne saman med meg når eg kjem heim i påsken! 

onsdag 30. mars 2011

Strikkekos i sola!

For ein gång skyld hadde eg litt fri frå skulearbeidet i dag, og tenkte at eg måtte benytta det fine været! Så eg tok med meg strikketyet og satt meg på terassen!

Fin utsikt mot Askøy og Askøybroa på eine sida...


..og Bergen sentrum på den andre sida, herleg! 


Men eg var nok litt vel opptimistisk. Vårsola er ikkje heilt på plass enda, og etter ein halvtimes tid måtte eg gå inn igjen. Men den er på veg i det minste! :)


mandag 28. mars 2011

Update!

Til tross for eit mindre tilbakeslag(!) går det endeleg på fram med mariusgenseren :)

To stk armar under produksjon!

Denne gången blir det brukt hjelpetråd slik at eg ikkje gjer feil igjen :P

lørdag 26. mars 2011

Pc-veske i mariusmønster

Denne blei eg ferdig med i gårkveld. Ny Mac, fortjener ei fin ny pc-veske!

Mønster: Marius
Garn: Mor Aase
Pinner: 2,5

Pc-veske i mariusmønster, elsk!


Sidan eg ikkje hadde mønster var eg litt spennt på om den ville passe, men eg blei kjempenøgd og den passar kjempefint! Nå kan eg endelieg ta med meg Mac'en min rundt omkring uten at den blir stygg :) Mariusmønster passar til ALT! :P

fredag 25. mars 2011

Vondt i strikkehjerte

Hater når dette skjer!



Hadde økt feil, og i og med at denne skal gis bort er det ikkje så gøy å gi den bort med feil, då blei dette resultatet!

Eg må innrømme at den låg ei stund slengt i eit hjørne etter eit raseriannfall då eg innsåg at eg måtte strikke den på ny. Det resulterte i at eg måtte ha ein liten pause frå heile genseren, og har derfor to halvferige prosjekter å vise til, men nå er den nye armen starta på i det minste ;)

søndag 20. mars 2011

London Calling!

I dag reisar eg på shoppingtur til London!


Bloggast når eg kjem att! :)

torsdag 17. mars 2011

UGLEsokker!

Å gjett om eg blei glad når eg fann dette mønsteret! Eg har som dykk sikkert har sett blitt heilt hekta på ugler i alle fargar og variantar, og når eg datt over dette mønsteret berre måtte eg legge alt til side og strikke dei :P Eg tok det fyrste garnet et fann i strikkekurva, og satt i gang!

Uglesokker i produksjon!



Mønster: Owlsocks
Garn: Safirgarn
Pinner: 2,5

Eg blei kjempenøgd med resultatet, og eg er spesielt nøgd med at eg lærte meg å strikke skikkelig hel mens eg laga dei, så nå kjem det nokk fleire sokkar! Og antageligvis eit par til av desse herlege uglesokkane! :)

tirsdag 15. mars 2011

Ein hyggeleg oppmerksomhet!

Eg har fått min fyrste blogg-award! Det er en "Inspirerende blogg-award", kjempekoselig! :)

Denne kom ifra http://mettehobby.blogg.no, ta turen innom!

Tusen takk!



Min oppgave nå er å gi denne blog-awarden vidare til 5 bloggar som har mindre enn 100 følgarar, og eg velger å gi den vidare til:

http://minegenlaga.blogg.no/

http://diddis.blogg.no/

http://siewartzhobby.blogg.no/

http://pokerfacedesigns.blogspot.com/

http://elinshobby.blogg.no/

søndag 13. mars 2011

Kva for strikke/hobby-blogg les du?

I det siste har eg leita etter nye bloggar som eg kan lese, men eg har ikkje funne så mange. Derfor spør eg deg; kva for bloggar les du? Har du nokon gode og inspirerande bloggar du veit om? Viss du har forslag legg gjerne igjen ein kommentar, det kan godt vera din eigen eller nokon annan sin, eg vil berre ha inspirasjon!


Det er ikkje berre strikkebloggar eg er ute etter, men også hobbybloggar :) Ps. et fint verktøy for å holde seg oppdatert på alle bloggane ein les er å benytte bloglovin, denne sida er heilt genial, alle nye innlegg på dei bloggane du vil følgje kommer opp på framsida, også dei bloggane som ikkje er på blogg.no :) Du finner også min blogg inne på den sida.

Så legg igjen ein kommentar om du vil eg skal lese din blogg eller ein annan blogg du likar godt! :) Eg sett utruleg stor pris på det!

fredag 11. mars 2011

Mariuslue til herre

Nå er neste Mariuslue ferdig, denne er strikket i herrestørrelse:

Mønster: Marius
Garn: Rubin
Pinner: 3 og 3,5

Lua blei denne gangen uten dusk, ettersom det tydligvis ikkje var så mandig med dusk på :P Ser ikkje ut som at eg skal bli lei av marius-mønsteret med det fyrste, har allerede ett par nye prosjekter i mariusmønster i tankane, og set antageligvis i gang så snart eg har mogligheit :)