fredag 7. oktober 2011

Strikkevesker og slikt!

I helga som var skulle eg i bursdag og som vanleg ville eg gi ei heimelaga gåve. Valet denne gongen fall på strikkeveske. Og mens eg hadde alt utstyret oppe, sydde eg like så godt heile laurdags formiddag og ettermiddag.

Resultatet blei dette:


3 stk strikkepinne-etuier 

Eit av dei er allereie gitt bort

Og..

4 stk strikkevesker :)

Ei er allereie gitt bort, og ei er lova bort :)

Ha ei strålande helg alle isaman!

tirsdag 4. oktober 2011

Jubileum! :)

I slutten av denne månaden er det eit år sidan eg starta bloggen! Jippi! Og mykje har sjedd sidan då :)

Eg har fått mykje fleire lesarar enn kva eg kunne drømt om, spesielt med tanke på at eg bestemte meg for å ikkje reklamere noko særlig for bloggen på facebook osv. Og ikkje minst har eg fått mange hyggelege blogvenner. Mykje av årsaken til at lesarantallet kom seg betraktelig, var nok at eg blei "Helgens blogg". Det gjorde at det var mange fleire som oppdaga bloggen min, kjempekjekt! Og eg set pris på kvar og ein av lesarane mine :)

I denna annledninga, mitt 1 års jubileum, tenkte eg at det var passande å kome med nokre ekstra godbitar denna månaden. Ein smakebit av det som vil kome på bloggen denne månaden:

  • Innlegg om korleis strikke selbuvott

  • Innlegg om korleis montere på armar på genser

  • Oppskrift på flettelua som eg har laga sjølv

  • Giveaway

  • Og mykje meir sjølvsagt! :)



Noko som ikkje har forandra seg i løpet av dette året er layouten min, og den kjem nok til å forbli slik ei stund til :)


1 års jubileum på bloggen!

Takk for at du har lest bloggen min! :)



Stay tuned om du vil vera med på morroa! 

søndag 2. oktober 2011

Tynsetvotten frå "Norske votter"

Mønster: Tynsetvotten frå boka "Norske Votter"
Garn: Trysil superwash og Rubin
Pinne: nr. 2,75

søndag 25. september 2011

Eigenkomponert flettelue! :)

Her ein dag fann eg og ei venninne ei kjempefin lue på Bikbok. MEN, den var i akryl. Æsj! Så kva gjer ein då? Joda, ein strikka seg ei! Eg tok ein god kikk på lua, og gjekk så heim for å komponere eit mønster. Og snakk om flax, i haugen med garn heime fann eg jaggu meg noko garn eg kunne bruka også. Så både mønster og garn va på plass og eg satte i gong. Etter litt finjusteringar blei resultatet slik:

Mi eigenkomponert lue!

Lua på!

Planen var å få på ein dusk også, men spørs om det er nok garn. Er ennå ikkje sikker på om eg heilt 100% nøgd med oppskrifta, så kan ennå hende at eg gjer nokre endringar.

Kva syns dykk? :)

fredag 23. september 2011

Eg har funne løysninga!

Trur eg...

...på mariusgenseren med rund sal som eg snakka om her. Problemet her var at eg ville strikka med babyull, blant anna for det hadde akkurat den fargen eg ville ha, men mønsteret ville ha tjukkare garn. Så i går når eg starta å legge opp til genseren kom eg på, kva med dobbelt garn? Då slepp eg alt det med å endre på oppskrifta osv for å tilpasse til tynnare garn. Eg prøvde å finne ut om det var nokon måte å rekne dette om på, fann ein metode, men veit ikkje kor politelig den er. Det var kun å gi etter, eg måtte strikke ein prøvelapp! Dette syns eg er så keisamt, men eg tenkte heller det enn feil mål på genseren :P


Prøvelapp

Og jaggu, trur du ikkje det stemte? Ca iallefall :) Men er usikker om eg kanskje skal gå ned ein halv størrelse på pinnane enn i oppskrifta, for eg brukte pinne 3 på prøvelappen, mens det eigentleg skal vera 3,5 i oppskrifta, hmm...Uanset, det blir strikking i helga, jippi! :D

Nokon som har erfaring med å strikke med dobbel babyull?

onsdag 21. september 2011

Knitting... Because Yarn Ain't Just For Kittens!

Findus kosar seg meg garnet mitt

Åh, som eg skulle ynskje at eg kunne strikka no.
Istadenfor må eg lesa om skatterett, urettferdig!

mandag 19. september 2011

Åpent lager hos Pickles!

For augonblinken befinn eg meg i Oslo, og då benytta eg sjansen til å gå på åpent lager hos Pickles! 


Liten, men koselig "butikk"

Og sjølvasgt blei noko med heim, sjølv om det eigentleg var systera mi som var den som faktisk skulle på butikken :P


Den fine boka til Pickles, til lagerpris (200,-)

Og eit nøste med Abuelita tjukk merino i nydelig farge! Trur dette skal bli ein hals :) 

Er du i Oslo-området ein torsdag, anbefalar eg å ta turen innom Pickles :)

fredag 16. september 2011

Mariuslue til baby (1-2år)

Huskar dykk denne genseren? Den har no fått ei matchande lue!

 Mariuslue strikka i størrelse 1-2 år

Mønster: Mariuslue med øreklaffer fra Til Fjells tema 10
Garn: Babyull
Pinne: nr. 2,5 og 3

tirsdag 13. september 2011

Perlestrikket hals med snurr


Perlestrikket hals med snurr

Perlestrikk

Mønster: Perlestrikket hals med snurr
Garn: Merino Extra Fine
Pinne: nr. 5,5

Ettersom eg brukte eit anna garn enn i oppskrifta blei den ikkje heilt slik som den skulle ha blitt. Med det garnet som er i oppskrifta trur eg han ville blitt litt tjukkare, og eg vurderar derfor å kjøpe eit garn ekstra for å strikke han litt lengre. Syns det kanskje var litt lite "volum" i han slik han er no. Men ellers er han kjempegod! (og fin!)