torsdag 26. juli 2012

Marie gjer ting ho ikkje kan!

Ja, for eg har starta på eit hekleprosjekt! 

I min helklekarriere så er alt eg har laga desse bordskånarane her. Med andre ord, dette er ikkje noko eg har gjort mykje av. Difor startar eg lika så greit på eit kjempestort teppe, med ei oppskrift eg ikkje kan lese (antageligvis av den grunn at eg er dødsdårlig til å lese hekleoppskrift) og som antageligvis tek ein halv evigheit! Godt eg har ein mamma som kan hekle! Muligens ein smule ambasiøst, men det teppet trur eg ville blitt aå fint på den nye sofaen min (som tar 100 år før han kjem!), så i kjent stil så set eg berre i gong og håpar på det beste ;)

Og i anledning nytt-stort-hekleprosjekt så må eg jo ha noko å oppbevare prosjektet i, så kvifor ikkje sy ein fin strikkepose? Det har eg aldri laga før, men satte i gong. Dikta litt underveis, og i løpet av eit kvarters tid så var denne laga, enkelt og greitt:

Med fin fint uglemønster på!
(var einaste stoffet eg hadde tilgjengelig)

Surt vær ute, fint strikkevær inne, heldigvis er det blitt betre vær nå :)
(bilete blei tatt for nokre dagar sidan)
Ønsk meg lukka til! 

torsdag 19. juli 2012

Sommermodus

Lite blogging, men det høyrer vel ferien til! Strikking blir det i alle fall uansett, og da blir det ekstra mykje å blogge om når sommen er på hell (forhåpentligvis). Sidan eg har vore mykje utan skikkelig internettforbindelse og mykje på reisefort har det naturlig nok heller ikkje blitt særlig blogging. Eg har vore både i Skottland, på hytta, i bryllup og heime på Karmøy (og Oslo da sjølvsagt), men slik er vel typisk sommarferie :P 

Har eit par større prosjekt på gong, men foreløbig får dykk som er innom her nøye dykk med nokre småluer som eg har strikka til Amandaprosjektet:

Oppskrift: utgangspunkt i Gros Djevellue men mindre masker
Garn: Babyull
Pinne: nr. 3
Størrelse: nyfødt (trur eg)

fredag 29. juni 2012

Kjøkkenkluter

Ny leilighet, nytt kjøkken, ny kjøkkenmaskin. Og den måtte sjølvsagt vera lilla! Den er så fin! Har laga nokre kjøkkenklutar for å gjere det litt meir personlig. Vel, det var også litt fordi både strikkepinnar, garn og oppskrifter var litt på ville veier midt oppi denne flyttinga. Og fann eg rett garn til prosjektet eg ville starte på, så skal eg love deg at då fann eg enten ikkje rette pinnar eller så var oppskrifta fordufta. Då var det greit med kjøkkenklutar, rette pinnar hadde eg og garn kjøpte eg. Det skal vera godt når alt er på plass, og flyttesjauen er over! 

Lilla, lilla og lilla

søndag 24. juni 2012

Lilla rillejakke + lue

Surprice, surprice! Nok ei lilla jakke ;) Det er ikkje til å skyve under ein stol at rosa og lilla er fargar eg likar veeeldig godt, og det blir derfor gjenspeilt nokså hyppig i strikkeriene mine (og i garnsamlinga). Derfor blei den neste jakka nettopp lilla. Stripete lilla. Syns det gav ein fin effekt eg! :) Jakka fekk eg fyrst augene opp for etter å ha sett ho på bloggen til Monstermønster, også ho hadde strikka den i to lillafargar, perfekt når eg hadde rester etter Daisy-jakka. Så også denne gong er det eit blandingsgarn av bomull og ull. Kjempegodt å strikke med, og resultatet blir kjempemjukt! Perfekt for vår/sommar/tidleg haust, når det endå ikkje er blitt skikkelig kaldt. 

Fin fin i lilla!

Kragen frå oppskrifta har eg kutta ut, syns den er finast uten

Mønster: Jakke med rundfelling frå "Strikk til nøstebarn"
Garn: Mor Aase Ull/Bomull
Pinne: nr. 4
Størrelse: 2 år

Mønster: Lettstrikka babylue frå "Strikk til nøstebarn"
Garn: Mor Aase Ull/Bomull
Pinne: nr. 3 (trur eg)
Størrelse: La opp til 0-3 mnd, men pga tjukkare
garn vil eg tru den passar til 2 år.
Og som dykk ser har eg heller ikkje festa på knappar her heller. Grunnen til det er ein blanding av ubeslutsomhet og flyttekaos, så sjølv om eg faktisk hadde bestemt meg for kva knappar eg skal ha, så veit eg ikkje kor dei er! Håpar dei dukkar opp etter kvart :P 

onsdag 20. juni 2012

Flere søte små luer

Fleire luer som skal til Amandaprosjektet:

Mønster: Liten Lue fra Myk Start
Garn: Baby Merino fra Drops
Pinne: nr. 2
Størrelse: 0-2 mnd

Mønster: Enkel Lue fra Strikk Til Nøstebarn
Garn: Baby Merino fra Drops
Pinne: nr. 2,5
Størrelse: 0-3 mnd, men blei litt større trur eg
Det kjem etter kvart litt meir spenstige ting enn kun små luer, må berre få somla meg til å ta bileter. Å ha fri tar på! (Les: fri gjer deg lat!)

fredag 15. juni 2012

Ferdig utdanna!

Nå har det vore litt treigt på bloggen i det siste, men nå skal det bli andre boller! For nå har eg endeleg sommarferie, så nå kan strikkinga og blogginga tre inn for fullt! Jippi!

Men det som er så spesielt denne sommarferien er at nå er eg FERDIG på skulen! Etter 5 år i Bergen er det slutt. Og til høsten så bærer det av gårde til Oslo for å bli working girl. Leiligheten er allereie i boks og nøkkelen får me i morgon, alt på stell! Denne sommaren skal kun gå til kos. Eg skal strikke, blogge, reise, innrede leiligheten vår og slappe av, dette blir bra! :D 

Siden det heller har vore litt labert på strikkefronten i det siste (men LITT har det likevel blitt) så har "lyst-til-å-strikke-lista" vokse seg gaaanske så lang. Og som et resultat av diverse garnsalg, så har også garnlageret mitt vokst betraktelig. Noko eg smertelig fekk oppleve når eg skulle pakke det ned for å sende det med flyttelasset (eg snakker søppelsekkER). Men då ligg i alle fall alle forutsetningane til rette for at det kan bli mykje strikking framover. Eg gler meg! :D

I dag etter avsluttnings-sermonien

søndag 3. juni 2012

Søte små Daisy-luer

Jada, jada, det går treigt med blogginga, men nå er det ikkje sååå lenge til eksamens-perioden er over og då blir det nok forhåpentligvis betre litt i alle fall :) 

I det siste har eg strikka ein del luer til Amandaprosjektet og i denne anledning har eg komponert meg ei Daisy-lue i størrelse nyfødt (trur eg):

Jentete Daisy-lue

Og ei litt meir guttete Daisy-lue

Mønster: Egenkoponert
Garn: Merino Extra Fine
Pinne: nr. 4
Størrelse: Nyfødt (?)

søndag 20. mai 2012

Hallo i luken!

Joda, eg lev framleis! 

Men med ein stille blogg og over 200 uleste innlegg på bloglovin må eg vel innrømme at eg har vore ein smule lost i det siste. Likevel ligg nå bloggen der i bakhovudet heile tida, og sjølv om det ikkje er blitt oppdatert noko, så betyr ikkje det at det ikkje blir strikka (for det blir det) :P Men det har foregått så mykje i det siste at eg rett og slett ikkje har hatt tid! For dei som er student er vel konseptet ganske kjent: Vår = eksamenstid, noko som inneber at eg er meir på skulen enn heime. Og etter som panikken kjem snikande, blir timane på skulen lengre og lengre. Kvifor har dei funne opp 8-timars eksamen med uendeleg pensum?!? Men eg kan trøste meg med at til sommaren så er eg FERDIG på skulen og skal begynne å jobbe (skrekk og gru), og ikkje minst flytte til ny by! :)

Og apropo flytte til ny by, det er noko anna spennande som har sjedd dei siste dagane. Me har kjøpt oss leilegheit i Oslo! :D Dette har vore ein lang prosess og eg hadde nesten gitt opp, men nå var det endeleg vår tur :) Har ennå ikkje sett han, men reiser i morgon (sundag) for å skrive under kontrakt og då får eg også sjå han for fyrste gong! :)

Men som sagt, så har det blitt strikka litt i det siste. Har litt begrensa med fritid, men litt strikking er det alltid tid til! Skal prøve å få blogge noko av det framover. I mellomtida vil eg visa fram dei überkule tinga eg har fått i posten:


Kule visittkort med logo på.
Geniale til å merke tinga eg lagar med størrelse osv.

Strikkexpressen-stasj

Håpar me bloggast snart!

fredag 11. mai 2012

Perlestrikka jakke, ny favoritt!


Perlestrikk er noko av det finaste eg veit! Så når eg fann denne jakka, så berre måtte eg strikka ho! Eg såg på bileta i boka, og tenkte at ja denne går det nok greitt å strikke og lite montering :) Men så starta eg å lesa oppskrifta (på engelsk attpåtil) og gud så tungvindt! Dei ville strikke ho frå bunn og opp, greitt nok, MEN, dei ville strikke ho i 3 delar som skulle settast saman når du skulle sette på armane. "Nei takk!" tenkte eg (eg likar best enkle ting, utan for mykje montering). Eg såg jo at denne jakka kunne strikkast myyykje lettare enn som så. Desse amerikanarane altså, skal alltid gjera ting så vanskeleg! Så eg satt i gong med å endra mønsteret, for jakka, den skulle eg strikke! Og jaggu meg gjekk det lett som bare det :) Så det eg gjorde var å starte på toppen og strikke ho ned, det var jo berre å lese oppskrifta baklengs. Armane blei strikka rundt og rundt, i staden for att og fram, og dei 3 delane som du opprinnelig skulle strikke den nedre delen i, blei i eit stykke. Sum summarum så var alt eg trong å gjere etterpå å feste trådar og sy saman eit lite hull under kvar arm. Perfekt! Og resultatet likte eg kjempegodt, så eg vil prøve å strikke ho i større størrelsar også etter kvart :)


Ta-da! Men litt for stor til dukka da :P 

Syns perlestrikken gjorde seg veldig godt :)

Mønster: Matinee Jacket frå "Vintage knits for modern babies"
Garn: Duett
Pinne: nr. 4
Garnforbruk: i underkant av 3 nøster
Størrelse: 3-6 mnd. 

mandag 7. mai 2012

Korleis strikke Daisy-strikk?

Som lova kjem eit innlegg om korleis ein strikkar Daisy-strikk. Det er ikkje vanskelig når du fyrst får taket på det, og det gir ein kjempefin effekt! Eg har strikka denne vesten og denne jakka med daisy-strikk :)

Kort fortalt så strikkar du 3 masker vrangt saman, utan å sleppe dei av pinnen tar du eit kast, og strikkar så vrangt saman dei same 3 maskene igjen. Nå slepp du dei av pinnen. Strikk ei maske rett, og start på ny (det skal alltid vera ei rett maske mellom daisyane) Dette skal eg prøve å demonstrere i bileter :P 

Slik gjer du det:

Fyst strikkar du ein omgong rett. Neste omgong (frå baksida) strikk ei maske rett, så skal du starte på daisyen:
Strikk saman 3 masker vrangt, men IKKJE slepp dei av pinnen. 
(du tar pinnen gjennom 3 masker fra høgre mot venstre) 

Hent tråden, og få den gjennom alle 3 maskene, men husk at du ikkje skal ta maskene av pinnen.

3 masker strikka saman vrangt, men behold dei på pinnen.

Lag eit kast rundt heile pinnen.

Strikk så dei same 3 maskene saman vrangt.
Husk å ta pinnen under kastet (tråden vil då ligge oppå venstre pinne, sjå bilete), 
slik at kaste forblir på pinnen og ikkje dett av.

Du vil nå ha 3 nye masker på høgre pinne, og du kan nå sleppe av maskene på venstre pinne.

Det er viktig at maskene ligg i den rekkefølga som du laga dei. 
Eller så får du ikkje fram den fine effekten. 

Strikk ein omgong rett, og effekten vil kome fram!

Etter ein omgong rett er det ny rad med daisy. Men denne gongen skal du forskyve dei litt. Strikk da 3 masker før du startar på fyrste daisyen, slik at dei nye daisyane kjem mellom daisyane på rada nedanfor (det skal fortsatt vera 1 maske mellom kvar daisy ut pinnen). Neste omgang med daisy gjer du som opprinnelig (1 maske rett, så daisy)

Om du skal strikke med fleire fargar skiftar du farge etter rada med daisy. Dvs. at du skiftar farge når du skal strikke ein omgong rett etter daisyane :)

Viss du fortsatt ikkje forstår korleis du strikkar daisy, kan du ta ein titt på denne videoen til Pickles: