![]() |
| Oppskrift: Mosters babystrømper Garn: Fabel Garnmengde: ca halvt nøste Størrelse: 4-12 mnd Pinne: nr 2,5 |
mandag 24. juni 2013
Mosters Babystrømper
Enkle babysokker, med ein morosam vri, for desse blir strikka att og fram, og ikkje rundt og rundt. Fint feriestrikk, da det ikkje tar store plassen i veska og det heller ikkje er så avansert oppskrift.
søndag 16. juni 2013
Søt babyjakke med flette
Jakka eg aldri trudde skulle bli ferdig, er nå FERDIG! Det var hallelujastemning i heimen når eg strikka dei siste maskene, for denne har tatt laaaang tid! Men når du velger å strikke ei jakke i str. 2 år, i babyull på pinne 3, med mykje glattstrikk, ja då ber du vel egentlig om det! Jakke blei etter min meining, god og romslig, så forhåpentligvis vil den ha lang brukstid, men som vanlig har den ikkje nokon mottakar, så den får ligge fint i strikkekurven!
| Jakke i rooosa! |
Oppskrifta fann eg på nettsida til familiejournal.dk. Dei har mykje fine oppskrifter, og denne her fallt eg for med ein gong. Jakka krever ein del arbeid, men eg syns det var verdt det. Du startar med å strikke fletta på langs, og når den er ferdig tar du opp masker for å strikke hals, før du tar opp masker på motsatt side og strikkar nedover.
| Flette rundt halsen |
| Supersøte treknappar! |
| Ein stk ferdig jakke! |
| Baksida |
| Fletta bak |
I kjent stil måtte eg endre litt på oppskrifta, men denne gongen var det god grunn til det. Oppskrifta ville at vrangborda skulle ha eit veldig merkelig (og egentlig nokså stygt) mønster, med hull og fletter. Dette syns eg ikkje passa, så eg gjorde likt som på halsen både på armane og på vrangborda nederst på jakka. Eit klokt valg syns eg!
![]() |
| Min versjon av vrangbord på armane |
| Mønster: Strikk nutten babytrøje Garn: Babyull fra Gjesdal Pinne: nr. 3 Størrelse: 2 år |
Viss eg nokon gong strikkar denne jakka igjen så kan eg love deg at det ikkje blir i str. 2 år! Då blir det heller den minste størrelsen, for eg liker jakka, eg liker berre ikkje at den tar så lang tid å lage! :P
torsdag 13. juni 2013
Strikkeapp!
Det fins jo ein app for alt, og eg fann denne strikkeappen:
Denne var kjempegenial når du strikkar ting som du må telle og holde tunga rett i munn. Du kan både telle rader og masker, og ved fletting kan du legge inn intervaller når du f.eks. skal flette kvar 6 rad osv. Check it out!
| Appen "Knit" |
søndag 2. juni 2013
Fiona
Husker dere Elvira tunika/kjolen eg strikka for ei stund tilbake? Nå har eg strikka nok ein tunika/kjole av same mønsterdame. Denne er sjølvsagt også veldig søt! Må sei ho dama kan dette med å designe søte baby-kjoler!
| Framsida |
![]() |
| Baksida |
| Små hjerteknappar |
![]() |
| Mønster: Fiona Garn: Baby Merino fra Drops Pinne: nr. 3 og nr. 3,5 Størrelse: 3-6 mnd. Garnmengde: litt over 1,5 nøste rosa + liten slump av kontrastfarge |
Eg har forresten strikka denne rundt og rundt, og ikkje i to deler som sys saman til slutt i sidene, slik som oppskrifta vil ha det. Eg såg ikkje heilt vitsen i å strikke heile att og fram, for så å sy saman, når den fint kan strikkast rundt og rundt. Det eg gjorde da var å ta alle delene saman den omgangen det skulle leggast opp masker for armhola. Det einaste du må passe på er at på dei første mønsterrapportane er det ulikt maskeantall mellom mønsteret på framsida og baksida. Men etter kvart så blir desse like og då er det ingen problem :)
mandag 27. mai 2013
Oslo-anorakken #2
Oslo-anorakken til Pickles er blitt strikka for andre gong. Denne gongen på bestilling. Som eg har sagt før så er det ikkje så ofte eg strikkar på bestilling, men når mammaen til ei lita søt jente spør etter den fine Oslo-anorakken var eg rask med å seie ja. Den er jo så morsom å strikke!
Denne gongen blei genseren strikka i Alfa frå sandnesgarn. Tidligare har eg strikka i Nepal og er fornøgd med det, men blei anna garn for å finne dei rette fargane denne gongen, Genseren blei strikka i størrelse 3-4 år, men eg strikka han eit par cm lengre både på bolen og på armane, slik at han varer ekstra lenge ;)
Etiketter:
Baby-strikk,
Genser/Jakke,
Pickles
torsdag 23. mai 2013
Kjole med truse
...minus trusa!
Kjolen er strikka etter ei kjempe gammald strikkeoppskrift. Eg har også sett den i nyare versjonar, men eg strikka etter den gamle og antageligvis originale oppskrifta. Einaste forskjellen på denne og den nyare oppskrifta, så vidt eg kan sjå, er at blada oppe rundt halsen har "stilk". Eg fann ein heile haug med nydelige gamle oppskrifter på ein blogg og på denne sida finn du kjolen eg har strikka. Eg kunne tenke meg å prøve fleire av desse etter kvart.
![]() |
| Lilla bladmønstret kjole |
| Bladmønster |
| Detaljer nede på kjolen |
| Knapp bak på ryggen |
![]() | ||
| Mønster: Kjole med truse nr.3 Garn: Baby Merino frå Drops Pinne: nr. 3 Størrelse: 6-9 mnd (trur eg, dårlig husk) Garnforbruk: Under 3 nøster |
mandag 13. mai 2013
Djevellue med fletter
Ei lita lue, fiks ferdig i ein fei!
![]() |
| Søt rosa "Djevellue" |
| Mønster: Djevellue frå heftet "Babystrik på pinde 3" Garn: Baby Merino frå Drops Garnmengde: Under 1 nøste Pinne: nr. 3 sjølvsagt! Størrelse: 6 mnd |
tirsdag 7. mai 2013
Korleis strikke flette utan flettepinne!
Eg sa i forrige innlegg at eg skulle legge ut ei beskrivelse av korleis du kan flette utan å bruke flettepinne. Eg lærte meg dette når eg strikka ballongbuksa, og det viste seg å vera ein kjempepraktisk teknikk!
Denne teknikken fungerar nok best med små fletter. Fletta eg skal bruke som eksempel her er over 4 masker, dvs, du tar 2 masker laust av på ein flettepinne, holder dei foran arbeidet (eller bak arbeidet, alt etter kva veg du vil ha fletta), strikkar dei 2 neste maskene og så strikkar dei 2 på flettepinnen.
Så nå til det store spørsmålet; Korleis gjere dette utan flettepinnen?
![]() |
| Strikk til der fletta starter. Ta to masker laust av frå venstre pinne til høgre pinne, slik som vist på bilete. |
![]() |
| Strikk så dei neste to maskene. Dei to ytterste maskene er nå strikka, mens dei to innforbi er ikkje strikka. Nå må dei bytte plass! |
![]() |
| Ta nå den venstre pinnen og stikk den inn i dei to maskene du har tatt laust av, slik bilete visar. (gjer det frå framsida om du skulle ha holdt maskene foran arbeidet) |
![]() |
| Stikk så høgre pinne raskt og smidig inn i dei to maskene som svever laust. Og vips, så har maskene skifta plass! |
![]() |
| Her har maskene bytta plass! Nå kan du strikka dei to maskene som enda ikkje er blitt strikka. |
![]() |
| Vola! Så er fletta strikka ferdig, då er det berre å fortsette til neste flette og repetere! |
Håpar at denne forklaringa gir noko meining for andre enn meg! Gi meg gjerne tilbakemelding om du syns forklaringen er forståelig eller det er noko som er uklart. Denne teknikken kan virke litt knotete i starten, men den er kjempeenkel når du berre får dreisen på det, og ikkje minst effektiv! :)
fredag 3. mai 2013
Ei ballongbukse til besvær!
Når strikkeprosjektet er 95% ferdig og det ender opp slik som dette her:
MEN, eg blei ferdig til slutt og her er resultatet:
Mønsteret er frå boka "All you knit is love", denne er å få kjøpt her. Det er mykje fint å dette hefte, og eg gler meg til å prøve fleire oppskrifter! :)
![]() |
| Endte i det minste opp med eit fint nøste |
Ja, då er ikkje eg god å ha med å gjere. Det er veldig skjelden at eg strikkar så feil at faktisk må rekke opp så mykje på strikkeprosjekta mine. Som regel juksar eg det til, ettersom eg har angst for å rekke opp. Derfor blir det stor ståhei når eg faktisk må det. Fyrst var det samboaren min som fekk høyre det og så var det å ringe, litt på gråten, til mamma som sa det eg frykta mest: "det beste er nok å berre rekke opp og starte på nytt att, slik at du blir fornøgd med resultatet". So close! Men neida, her måtte det rekkast opp! Slik går det når ein ikkje klarer å telle skikkelig når ein legg opp maskene. Det blei tellekontroll ganske mange gonger når eg la opp for andre gong...
MEN, eg blei ferdig til slutt og her er resultatet:
| Ballongbukse! |
![]() |
| Enkle fletter |
Eg har endra litt på mønsteret som dykk sikkert ser. Eg har strikka fletter istaden for å gjere slik som mønsteret ville ha det. Årsaken til at eg gjorde det slik er rett og slett at eg syns det blei finare, fletter gjer meir utav seg. Eg las også på bloggen til Meretemonstermønster at å strikke 3 masker vrang saman, slik som oppskrifta originalt er, ikkje var heilt optimalt.
Resultatet blei supert syns eg! Enkelt er det også å bytte om til fletter i oppskrifta, du strikkar berre 4 rette masker mellom vrangmaskene istaden for 5. Eg fletta like ofte som det skulle strikkast 3 vrangmasker saman i oppskrifta, slik at det var enkelt å følge med i oppskrifta. Underveis lærte eg meg også å strikke fletter uten flettepinne, kjempepraktisk! Innlegg med forklaring kjem i nærmaste framtid! :)
Resultatet blei supert syns eg! Enkelt er det også å bytte om til fletter i oppskrifta, du strikkar berre 4 rette masker mellom vrangmaskene istaden for 5. Eg fletta like ofte som det skulle strikkast 3 vrangmasker saman i oppskrifta, slik at det var enkelt å følge med i oppskrifta. Underveis lærte eg meg også å strikke fletter uten flettepinne, kjempepraktisk! Innlegg med forklaring kjem i nærmaste framtid! :)
Buksa har blitt strikka i Mini Duett frå Sandnesgarn, eit herlig blandingsgarn av ull og bomull. Ypperlig som heilårsgarn. Fargen kjem litt dårlig fram på dei øverste bileta, den er egentlig meir grønn :)
![]() |
| Mønster: Ballonbukse Garn: Mini Duett Pinne: nr. 3 Størrelse: 6-12 mnd Garnforbruk: litt over 2 nøster |
torsdag 25. april 2013
Garnproblem løyst
Vesten som eg hadde for lite garn til er blitt ferdig, med ein kreativ løsning. Når ein ikkje har meir garn, må ein rett og slett ta det ein har! Og resultatet blei nå ikkje så aller verst syns eg:
![]() |
| Fullført med litt grått |
| Grå hals og armar |
Eg har strikka denne vesten før, men då i ein størrelse større:
![]() |
| To søte små vestar |
| Mønster: Fin Flettevest Garn: Duett og litt Duo frå Sandnes Pinne: nr. 4,5 Størrelse: 2 år (til venstre) og 1 år (til høgre) Garnforbruk: 2 år; i overkant av 2 nøster 1 år; i overkant av 1,5 nøster + litt til hals og ermer |
Abonner på:
Innlegg (Atom)




















