søndag 21. juli 2013

Det strikkes, også på Hawaii!

Stille på bloggen = Marie er på ferie

Dette året gjekk turen til Hawaii! Vi har enda ikkje vore her ei veke eingong, så vi har fortsatt mange fine dagar i vente da vi totalt skal vera borte i 4 uker (inkl. Chicago) :) 

Men litt strikking blir det likevel: 

God sommer! :)

torsdag 11. juli 2013

Genser i ein fei!

Søndag til søndag tok det, så var genseren ferdig og klar til å vera med på tur på mandag!

Mønster: Kamelongenser fra Pickles
Garn: Pickles Økologisk Bomull
Gagnmengde: under 250g
Pinne: nr. 5 og 7
Størrelse: small


Sommermodus = blogging fra mobil! 

mandag 1. juli 2013

14 days challange!

I går slo ein tanke meg; "Det ville jo vore deilig å ha med seg ein lett bomullsgenser når vi reiser til Hawaii, for kjølige kveldar liksom". Fin tanke, kun eit problem. Vi reiser om to veker og eg har ikkje ferie endå, mao er eg på jobb kvar dag og då begrensar strikketida seg litt. Men pytt på, dette er ein genser eg lenge har hatt lyst på, så eg satte i gong. Tida vil vise om tida strekk til!

Deilig mjuk bommulls genser in the making!

mandag 24. juni 2013

Mosters Babystrømper

Enkle babysokker, med ein morosam vri, for desse blir strikka att og fram, og ikkje rundt og rundt. Fint feriestrikk, da det ikkje tar store plassen i veska og det heller ikkje er så avansert oppskrift.



Oppskrift: Mosters babystrømper
Garn: Fabel
Garnmengde: ca halvt nøste
Størrelse: 4-12 mnd
Pinne: nr 2,5

søndag 16. juni 2013

Søt babyjakke med flette

Jakka eg aldri trudde skulle bli ferdig, er nå FERDIG! Det var hallelujastemning i heimen når eg strikka dei siste maskene, for denne har tatt laaaang tid! Men når du velger å strikke ei jakke i str. 2 år, i babyull på pinne 3, med mykje glattstrikk, ja då ber du vel egentlig om det! Jakke blei etter min meining, god og romslig, så forhåpentligvis vil den ha lang brukstid, men som vanlig har den ikkje nokon mottakar, så den får ligge fint i strikkekurven!

Jakke i rooosa!

Oppskrifta fann eg på nettsida til familiejournal.dk. Dei har mykje fine oppskrifter, og denne her fallt eg for med ein gong. Jakka krever ein del arbeid, men eg syns det var verdt det. Du startar med å strikke fletta på langs, og når den er ferdig tar du opp masker for å strikke hals, før du tar opp masker på motsatt side og strikkar nedover. 

Flette rundt halsen

Supersøte treknappar!

Ein stk ferdig jakke!


Baksida

Fletta bak
I kjent stil måtte eg endre litt på oppskrifta, men denne gongen var det god grunn til det. Oppskrifta ville at vrangborda skulle ha eit veldig merkelig (og egentlig nokså stygt) mønster, med hull og fletter. Dette syns eg ikkje passa, så eg gjorde likt som på halsen både på armane og på vrangborda nederst på jakka. Eit klokt valg syns eg! 
 
Min versjon av vrangbord på armane

Mønster: Strikk nutten babytrøje
Garn: Babyull fra Gjesdal
Pinne: nr. 3
Størrelse: 2 år


Viss eg nokon gong strikkar denne jakka igjen så kan eg love deg at det ikkje blir i str. 2 år! Då blir det heller den minste størrelsen, for eg liker jakka, eg liker berre ikkje at den tar så lang tid å lage! :P

torsdag 13. juni 2013

Strikkeapp!

Det fins jo ein app for alt, og eg fann denne strikkeappen:

Appen "Knit"
Denne var kjempegenial når du strikkar ting som du må telle og holde tunga rett i munn. Du kan både telle rader og masker, og ved fletting kan du legge inn intervaller når du f.eks. skal flette kvar 6 rad osv. Check it out!

søndag 2. juni 2013

Fiona

Husker dere Elvira tunika/kjolen eg strikka for ei stund tilbake? Nå har eg strikka nok ein tunika/kjole av same mønsterdame. Denne er sjølvsagt også veldig søt! Må sei ho dama kan dette med å designe søte baby-kjoler!

Framsida

Baksida

Små hjerteknappar

Mønster: Fiona
Garn: Baby Merino fra Drops
Pinne: nr. 3 og nr. 3,5
Størrelse: 3-6 mnd.
Garnmengde: litt over 1,5 nøste rosa +
liten slump av kontrastfarge 



Eg har forresten strikka denne rundt og rundt, og ikkje i to deler som sys saman til slutt i sidene, slik som oppskrifta vil ha det. Eg såg ikkje heilt vitsen i å strikke heile att og fram, for så å sy saman, når den fint kan strikkast rundt og rundt. Det eg gjorde da var å ta alle delene saman den omgangen det skulle leggast opp masker for armhola. Det einaste du må passe på er at på dei første mønsterrapportane er det ulikt maskeantall mellom mønsteret på framsida og baksida. Men etter kvart så blir desse like og då er det ingen problem :) 

mandag 27. mai 2013

Oslo-anorakken #2

Oslo-anorakken til Pickles er blitt strikka for andre gong. Denne gongen på bestilling. Som eg har sagt før så er det ikkje så ofte eg strikkar på bestilling, men når mammaen til ei lita søt jente spør etter den fine Oslo-anorakken var eg rask med å seie ja. Den er jo så morsom å strikke!

Denne gongen blei genseren strikka i Alfa frå sandnesgarn. Tidligare har eg strikka i Nepal og er fornøgd med det, men blei anna garn for å finne dei rette fargane denne gongen, Genseren blei strikka i størrelse 3-4 år, men eg strikka han eit par cm lengre både på bolen og på armane, slik at han varer ekstra lenge ;) 




Mønster: Oslo-anorakken
Garn: Alfa
Pinne: nr. 5
Størrelse: 3-4 år
Garnmengde: 250g lilla, 200g rosa
 

torsdag 23. mai 2013

Kjole med truse

...minus trusa!

Kjolen er strikka etter ei kjempe gammald strikkeoppskrift. Eg har også sett den i nyare versjonar, men eg strikka etter den gamle og antageligvis originale oppskrifta. Einaste forskjellen på denne og den nyare oppskrifta, så vidt eg kan sjå, er at blada oppe rundt halsen har "stilk". Eg fann ein heile haug med nydelige gamle oppskrifter på ein blogg og på denne sida finn du kjolen eg har strikka. Eg kunne tenke meg å prøve fleire av desse etter kvart.

Lilla bladmønstret kjole
Bladmønster
Detaljer nede på kjolen
Knapp bak på ryggen
Mønster: Kjole med truse nr.3
Garn: Baby Merino frå Drops
Pinne: nr. 3
Størrelse: 6-9 mnd (trur eg, dårlig husk)
Garnforbruk: Under 3 nøster
  

mandag 13. mai 2013

Djevellue med fletter

Ei lita lue, fiks ferdig i ein fei! 

Søt rosa "Djevellue"
Mønster: Djevellue frå heftet "Babystrik på pinde 3"
Garn: Baby Merino frå Drops
Garnmengde: Under 1 nøste
Pinne: nr. 3 sjølvsagt!
Størrelse: 6 mnd