Både mamma og syster mi fekk tøfler til jul av meg. Desse har eg tidligare strikka til meg sjølv, og eg likar dei kjempegodt! Men mine blei strikka i Eskimo, som er garnet oppskrifta vil du skal strikka i og desse har blitt fryktelig loete etter litt bruk. Derfor prøvde eg med eit anna garn nå, og endte opp med dobbel tråd av Nepal. Dei såg fine ut ferdig strikka, men det gjenstår jo å sjå korleis dei blir etter litt bruk. Eg får be om ein rapport!
Mønster: Little Red Riding Spippers frå Garnstudio Garn: Dobbel tråd Nepal Garnforbruk: ca 4 nøster per par Pinne: nr. 6 Størrelse: 35/37 og 38/39 |
Har strikket nesten like, i dobbel nepal og de har holdt seg bra. Kjempegode tøfler :)
SvarSlettGodt å høyre! :)
Slett