Når eg såg dette hentesettet for fyrste gong blei eg heilt forelska, mykje fordi eg trudde det var likt mønster som på lillies top som eg berre elskar. Det viste seg å ikkje vara heilt likt, men då tok eg like så godt å endra mønsteret slik at det blei likt. Det var berre små endringar på fletta som skulle til. Resultatet blei kjempefint syns eg! Sette blei strikka i størrelse 3 mnd, men sidan eg strikka det i Drops Baby Merino som har litt tjukkare strikkefastheit enn mønsteret, så er settet nok meir 4 mnd+ (tida vil vise). Dette var hovudplagget i barselgåva eg blogga om for litt sidan.
Yndlings-flette-mønsteret mitt for tida |
Buksa blei ferdigstrikka på Hawaii |
Mønster: Dale hentesett # 22605 Garn: Drops Baby Merino Pinne: str. 2,5 Størrelse: 3mnd ++ Garnmengde: mista tellinga... |
Nydelig hentesett ja! Og veldig fin farge :)
SvarSlettTakk for det! Det blei godt mottatt :)
SlettLikte absolutt mønsteret! Litt spanande og annleis enn vanleg flette.....
SvarSlettJa, er det ikkje fint? Eg er heilt forelska i det! :)
Slett