Ein av dei fyste oppskriftene eg prøvde i somar var Solskinnsdrakten frå Paelas, med andre ord så har den ligge lenge i ferdig-strikk-kurven allereie, og eg fann derfor ut at det var på tide å la den kaste lys over bloggen. Den er urtolig søt og jentete, og eg har fått heilt dilla på dei fine "vingene". Eg kan love det kjem meir slik "vinge-strikk" på blogger etter kvart!
Garnvalget denne gong fall på Cotton Merino frå Drops (som forøverig kjem på tilbod 16. sept 25% avslag i Merino Mania kampanjen til drops). Eg kjøpte dette garnet sist gong det var tilbod på merinogarn. Dette var fyrste gong eg prøvde det, og eg må sei det innfridde! Eg har blitt meir og meir glad i blandingsgarn (ull/bomull) og Cotton Merino er intet unntak! Blandingsgarn av ull/bomull er både deilig å strikke med, deilig å gå med og kan brukast heile året! Cotton Merino er difor eit godt litt billigare alternativ til f.eks. lerke og duo. Eg kjem i alle fall til å kjøpe meir av det under Merino Mania!
Heile baksida |
Mønster: Solskinnsdrakten Garn: Cotton Merino frå Drops Pinne: nr. 4 Størrelse: 2 år Garnforbruk: 73g lilla og 59g grå |
Ps. Obeservante lesarar har kanskje lagt merke til at eg har endra design på bloggen. Eg følte det var på tide av ein litt meir "moderne" look. Kva syns dykk?
Fin drakt du har strikket! Ermene er utrolig dekorative med bølgeformen:) Jeg liker bloggdesignet:)
SvarSlettTakk for det! Ermene er det eg likar best med oppskrifta :)
SlettDenne drakten er så søt. Likte det nye designet :)
SvarSlettTakk for det :)
SlettSøt :)
SvarSlettTakk!
SlettKjempe fin farge kombo :)
SvarSlettTakk for det :)
SlettSå mye artig babystrikk du lager!
SvarSlettGod helg!
Takk for det! Det fins jo så mange fine oppskrifter til baby :)
SlettHa ein fin sundag!
Hei.
SvarSlettFor en fin drakt. Har du link til oppskriften? :)
Finner den ikke :/
Nå er linken oppdatert, så nå skal du finne den :)
Slett