Ballongbukse, for fjerde gong! Den fyrste blei laga og rekka opp, så strikka igjen (i miniduett). Nummer to blei laga i barselgåve til ein liten gut (i bayull), og nummer tre blei laga til ei søt lita jente (i babyull). Den fjerde buksa blei strikka i alpakka og er foreløpig uten eigar.
På samtlige av dei fire ballongbuksene har eg laga fletter i staden for å strikke den slik oppskrifta seier, og eg blir like fornøgd kvar gong. Fletter blir aldri feil!
Garnvalget denn gong havna på Royal Alpakka frå Dalegarn. Det var faktisk to nøster som blei kjøpt på opphørsalg i 2011. Godt garn ikkje går ut på dato... Eg syns buksa blei ekstra fin i alpakka av ein eller anna grunn, den blei liksom ikkje så "stiv" som babyull kan bli. Den heng liksom litt meir, noko eg likte godt.
Mønster: Ballon bukse Garn: Royal Alpakka frå Dalegarn Pinne: nr. 3 Størrelse: 0-6 mnd Garnfobruk: 85g |
Kjempesøte bukser!
SvarSlett