Tidligare i haust kom eg over eit bilete av ein romper når eg googla rundt. Eg fall for han med ein gong med dei fine flettene sine. Og dykk har vel forstått at eg er hekta på rompere? Så eg starta å saumfara internett for å finne oppskrifta, og trur du ikkje eg klarte det til slutt? Oppskrifta fann eg, det var ei engelsk oppskrift, men det gjer jo ingenting! (
link til oppskrift her)
 |
| Det var dei fine flette som går langs sidene og opp på selane eg fall for |
Etter å ha diskutert litt med nokre veninner når me hadde strikkekveld, så kom eg fram til at den lys lys grønne fargen på nokre Baby Merino nøster endelig skulle få sjå dagens lys. Noko eg var veldig nøgd med, for eg hadde gått lenge og grunda på kva eg skulle bruke denne fargen til.
 |
| Nydelige detaljer! |
 |
| Baksida, også med dei fine flettene. |
Som regel klarer eg å finne knappar i lageret mitt, ettersom eg har samla opp ei god samling, men denne gong såg eg nokre knappar på den lokale strikkebutikken som ville passa perfekt! Dei kunne ikkje stått finaere til fargen.
 |
Flettene går opp langs sida og fylgjer så bak på selane. Eg vart omså spesielt nøgd med knappane, passa perfekt til fargen! |
Eg strikke det aller meste av oppskrifta til punkt og prikke, det einaste eg gjorde om var skrittet. Eg tenkte at det ville vara mest praktisk å ha knappar i skrittet. Eg brukte då den nye metoden min, som eg også brukte på
Solskinnsdrakten frå Paelas; men denne gongen med berre 3 knappar ettersom størrelsen ikkje er så stor. Å endre ein drakt utan åpning i skittet til å få det er nokså enkelt, du gjer berre slik;
Når du legg opp masker til å starte forstykket strikkar du først f.eks. riller slik eg har gjort (ca 4 riller) før du går over til å auke slik oppskrifta seier. På bakstykket gjer du det same, men strikkar inn knappehol f.eks. etter 2 rilla. Denne gongen laga eg eit knappehol midt på. Når drakta er ferdig og du skal strikke rundt beina (strikker dette at og fram f.eks 1r, 1v) strikker du inn eit knappehol på bakre del etter nokre omgangar, må etter knappeholet som allereie er der, slik at dei kjem ca på linje. Med å strikke knappehola slik, unngår du at du får to lause flikar når du strikkar beinkanten att og fram. Det ser mykje finare ut!
 |
| Knappar i skrittet |
 |
| Fletter langs heile sida |
 |
Mønster: Cable Playsuit Garn: Baby Merino frå Drops Pinnestørrelse: nr. 2,5 Størrelse: Infant size (one size) Garnforbruk: 69g |